Overlege åtvarar mot å utvide abortgrensa
– Abortlova fungerer veldig bra i dag, seier overlege Torbjørn Moe Eggebø. Han meiner det ikkje er behov for sjølvbestemt abort til veke 18, slik AUF vil.
Overlege Torbjørn Moe Eggebø ved St. Olavs hospital meiner abortlova fungerer bra slik den er i dag. Bildet er av kvinne-barn-senteret ved sykehuset.
Kallestad, Gorm
– Dersom grensa blir endra til veke 18, vil kvinner kunne utsetje abort heilt fram til veke 17. Det er ein mykje større fysisk og psykisk belastning for kvinna i veke 17 enn i veke 11, seier Torbjørn Moe Eggebø, som er overslege på Nasjonal behandlingstjeneste for avansert invasiv fostermedisin, på St. Olavs hospital.
Torsdag sa AUF-leiar Mani Hussaini til Vårt Land at ungdomspartiet vil vedta på sitt landsmøte i haust, å utvide grensa for sjølvbestemt abort frå 12 til 18 veker.
LES MEIR: Abortsøkjande kvinner kjenner seg tvungne til å møte i abortnemnd