Oslosenteret får strekk for hemmeleghald
UNDERSLAG: Då Oslosenteret avdekte underslag på vel 850.000, valde leiinga å ikkje informere sponsorar og dei gjekk ikkje offentleg ut med misleghaldet.
OMDØMMEEKSPERT: Professor Helge Thorbjørnsen ved Handelshøyskolen er kritisk til Oslosenterets informasjonstrategi då senteret avdekte underslag.
Foto: Helge Skodvin
– Å ikkje informere sponsorane om underslaget kan vitne om selektive og strategiske val, at ein frykta økonomiske konsekvensar om ein informerte dei om underslaget, seier Helge Thorbjørnsen til Vårt Land.
Han er professor ved Handelshøgskolen (NHH) og forskar mellom anna på omdømme og omdømmebygging. På generelt grunnlag seier Thorbjørnsen at det kan vere gode grunnar til å ikkje gå ut med informasjon om eit underslag i ein organisasjon.
– Det kan vere sterke personlege omsyn som ligg til grunn, at ein ønskjer å verne den ansvarlege. Men då er det noko underleg at Oslosenteret vel å informere nokre og ikkje alle som det samarbeider med, meiner NHH-professoren.