Opprop mot abortlov: Over 39.000 har signert
ABORTLOV: Ein underskriftskampanje mot ny abortgrense får stor respons. – Noko av det viktigaste som skjer i politikken i Noreg akkurat no, seier forkynnar og lovsongartist.
Thomas Neteland har delt sitt syn på spørsmålet om abort i sine mediekanaler.
Erlend Berge
– Eg ser at det tikkar inn nye underskrifter heile tida. Det er valdsamt, langt meir enn det me såg for oss, seier Morten Dahle Stærk, generalsekretær i Menneskeverd.
Forrige fredag rundt klokka 15 delte Menneskeverd eit opprop mot ny abortgrense til medlemmer og følgarar på Facebook. Rundt eit døgn seinare hadde kampanjen til organisasjonen fått inn 14.507 underskrifter.
Onsdag, klokka 17, hadde over 39.500 personer signert oppropet.
Bestill abonnement her
KJØP