Ønskjer Moria-flyktningar - men avviser funksjonshemma

Kommunar landet rundt seier dei kan busetje flyktningar frå Hellas og Moria-leiren. Men ingen vil ha 16 funksjonshemma flyktningar som ventar på busetjing.

I gruppa av asylsøkjarar som kjem til Norge og får opphald er det personar med fysiske og psykiske funksjonshemmingar - her får ein eldre kvinneleg flyktning hjelp til å kome seg ut av rullestolen etter at ho har kome seg til Lesvos og byen Mytilini.
Publisert Sist oppdatert

– Me har prøvd mange kommunar, men ingen vil ta i mot familien. Ingen vil busetje tre sterkt funksjonshemma personar. Det er ein fortvila situasjon, fortel Kathrin Tunheim til Vårt Land.

Ho er verje til tre multifunksjonshemma søsken som kom til Norge frå Irak i 2015 saman med foreldra, og søkte asyl. Søknadane blei innvilga, men familien er framleis ikkje busett samla i ein kommune.

Foreldra bur på eit asylmottak i Salangen kommune i Troms medan dei tre barna deira, som alle er over 18 år, men under 30, bur på ein privat omsorgsinstitusjon i Senja kommune. Mellom foreldre og barn er det sju mil.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS