Oljeleiting truar urfolk med utsletting

Oljefondet må ikkje svarteliste spansk oljeselskap. Norge misbrukte sjansen til å stoppe livsfarleg oljeleiting, seier Regnskogfondet.

Amazonas strekkjer seg inn i Peru. Nord i landet, i regnskogen, bur folkegrupper som ikkje ønskjer kontakt med omverda. Her frå ein av Repsols mange basar i regnskogen. No overtek eit anna oljeselskap basane.
Publisert Sist oppdatert

– Hadde Finansdepartementet avgjort denne saka langt raskare – ved å følgje innstillinga frå Etikkrådet om å selje seg ut av Repsol – hadde presset på Peru blitt så sterkt at dei hadde avslutta oljeleitinga i eit svært sårbart område av Amazonas, seier Anders Krogh, leiar av amazonasavdelinga i Regnskogfondet.

Nord i Peru lever det isolerte urfolksgrupper i regnskogen som ikkje ønskjer kontakt med omverda. Oljearbeidarar som trengjer inn i skogen har med seg sjukdommar som urfolket ikkje vil tåle, sjukdommar som er ufarlege for folk flest, men som kan vere dødelege for dei isolerte gruppene.

Slepp å selje. Rådet som er sett til å vakte etikken i Oljefondets investeringar har talt. I ei fersk fråsegn seier Etikkrådet:

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP