Nytt parti hamnar på vippen i fleire kommunar
NYKOMLING: Februar 2020 vart Industri- og Næringspartiet grunnlagt. I kommunevalet 2023 bikkar partiet 10 prosent oppslutning i 18 kommunar.
INNE: Før valet møtte Vårt Land Lars Stenberg (til venstre) frå Drammen og Gunnar West Sørlie frå Porsgrunn. No er dei inne i kommunestyret for INP.
Foto: Erlend Berge
Industri- og næringspartiet vart grunnlagt i 2020. No kan det relativt ferske partiet notera seg eit godt kommuneval og hamnar mange stadar på vippen.
I Telemark-byen Porsgrunn får partiet seks mandat inn i kommunestyret.
– Halleluja! Det er heilt utruleg for eit relativt nystarta parti. Mitt realistiske håp var at me skulle få tre inn i kommunestyret. Så får me dobbelt så mange.