Nytt parti fristar med industri-nostalgi og tradisjonelle familieverdiar
VAL: Lars vil kjempa for eit betre Nav. Gunnar er ein sjølverklært kranglefant som slåst mot vindmøller. Line vil auka foreldrepermisjonen til 18 månader. Vårt Land tek pulsen på partiet som kan koma på vippen i fleire byar.
TUNGE TAK: Alt skal med når Lars Gulbrand Krogsund (til venstre) og Lars Stenberg jaktar veljarar på eit kjøpesenter i Drammen.
Erlend Berge
Ikkje ei vindmølle er i sikte når Lars Stenberg ruller ut ei oransje oljetønne frå bagasjerommet på bilen sin. Han er fersk lokallagsleiar i eit nytt parti som har gjort kampen mot vindmøller til hovudsak.
– Eg gler meg til valet er ferdig så eg får litt betre plass i bilen, seier han og dreg fram ein parasoll og nokre campingstolar.
På hovudet har han ein caps i lyseblått og oransje, signalfargane til Industri- og næringspartiet INP.