Nye millionar i støtte til NLA
NLA: Økonomifag ved NLA i Kristiansand har fått 4 millionar i støtte frå Sørlandets kompetansefond til oppstart av bachelorstudium frå førstkommande haust.
STØTTE: NLA Høgskolen er en offentlig akkreditert privat høgskole med et kristent verdigrunnlag.
Håvard Kroken Holme
NLA har tidlegare i år mottatt nesten fire millionar i støtte frå Sparebanken Sør, og får totalt nærare åtte millionar i støtte til etableringa av nye økonomistudiar ved NLA Høgskolen på Gimlekollen.
– Saman med ein tilsvarande stor eigenfinansiering frå NLA, gir desse støttemidla eit tilstrekkeleg grunnlag til å dekka dei forventa oppstartkostnadane, fortel rektor Sigbjørn Sødal ved NLA Høgskolen i ei pressemelding.
Årets utlysning frå Sørlandets kompetansefond dreier seg mellom anna om ei vidareføring av satsingane på entreprenørskap og tidleg innsats for auka yrkesdeltaking ifølgje nettsidene til stiftelsen. Samfunnsoppdraget til kompetansefondet er å bidra til kompetanseheving i fylket til sikring og etablering av arbeidsplassar og gode levekår. Styret vedtok fredag 12. februar løyvingar på totalt 32 millionar kroner. NLA Høgskolen vil få fire millionar kroner fordelt over tre år.