Ny undersøking: Desse sakene eig Sylvi Listhaug
SAKER SOM TEL: Frp fossar fram på ny undersøking. No meiner ein av tre at Frp er best på innvandring.
GRUNN TIL Å SMILA: Ei ny undersøking viser at Frp og Sylvi Listhaug blir tekne på alvor av norske veljarar.
Erlend Berge
– Det er svært gledeleg at den målbevisste jobbinga som me har gjort i mange år, gjer at me lukkast med å få auka sakseigarskap på fleire område.
Sylvi Listhaug blar gjennom tala som Vårt Land har med til kontoret hennar på Stortinget. Her er mykje som kan gleda Frp-leiaren.
På oppdrag frå Vårt Land har Norstat spurt nordmenn om kva parti dei meiner har beste løysingar på ulike felt.