Norskmerka soldat på militærøving i Niger
Norge deltek på øvingar for spesialstyrkar i Sahel, opplyser USAs Afrika-kommando. Minst ein norskmerka soldat var med på anti-terrorøvinga Flintlock i 2014. Forsvarsdepartementet ønskjer ikkje å kommentere TV-reportasje.
Soldaten har norsk flagg på høgre overarm. Han blir vist fram i ein TV-reportasje på den kanadiske TV-kanalen CTV, som i 2014 var i Niger og fortalde om innsatsen til spesialstyrken Canadian Special Operations Regiment. Fotoet er eit skjermbilete frå TV-reportasjen som er lagt ut på Youtube.
Fyr! I rekkja av spesialsoldatar frå militærstyrken Canadian Special Operations Regiment, står ein soldat med eit norsk flagg på høgre overarm.
Vi er i det vestafrikanske landet Niger. Året er 2014.
Dette har ikkje regjeringa eller Forsvaret sagt mykje om.