Norsk asylorganisasjon har merka pågang frå russarar. Men onsdag stoppa straumen over grensa opp
KRIG: Onsdag stoppa brått den jamne straumen av russarar over grensa til Noreg. Russarar som vil til Noreg, må enten søka asyl på grensa eller ha visum.
PÅ FLUKT: Russarar som kryssar grensa til Georgia, tysdag denne veka. Til no har nærare 200.000 russarar flykta etter Putins beskjed om delvis mobilisering.
Zurab Tsertsvadze
Heile onsdag føremiddag kom det ein jevn straum av russarar over grensa ved Storskog. Brått stoppa det opp, etter at ein kvit buss kom til staden klokka 13:15 onsdag. VG melde saken først.
Rykta har gått om at Russland vil stenga grensene for menn i stridsdyktig alder. Førebels er det ikkje stadfesta av russiske styresmakter at det er dette som har hendt.
– Trafikken over Storskog inn i Noreg stoppa opp klokka 13.15 i dag. Vi har ikkje fått noko informasjon fra russisk side, så vi veit ikkje om Russland har stengt grensa eller om det er normale svingningar, seier Sølve Solheim, leiar for operativ utlendingskontroll i Finnmark politidistrikt til NTB.
Bestill abonnement her
KJØP