Norsk-amerikanske Margarethe (82) vart kasta ut av militæret på 90-talet: – Historia ser ut til å gjenta seg

USA: Margarethe Cammermeyer fekk sparken frå stillinga si i militæret. 82-åringen trekkjer klare linjer frå det som skjedde då, til i dagens USA. – Eg klarer ikkje la vere å tenkje på opptrappinga til nazi-tida, seier ho.

Margrethe Cammermeyer
GUD?: – Kven trur denne mannen at han er? Trur han at han er Gud – med tanke på at han trur han kan redde verda? Det heile er veldig skremmande, kommenterer Cammermeyer på Trumps handlingar så langt som president.
Publisert Sist oppdatert

Margrethe Cammermeyer vart kjent i USA og Norge over natta då ho i 1992 vart kasta ut av den amerikanske hæren.

– Etter 25 år i militæret sa dei meg opp, fortel Cammermeyer til Vårt Land i ein videosamtale.

Sjølv hadde ho inga aning om at det ho hadde svart på eit spørsmål i ei tryggleiksklarering i det amerikanske forsvaret skulle få så store følgjer som det gjorde.

Powered by Labrador CMS