Norges Kristne Råd vil ikkje gå inn i lokale stridar
MEDLEM I RÅD: Norges Kristne Råd (NKR) sa torsdag ja til at eit eritreisk kyrkjesamfunn får bli medlem i rådet. Demonstrantar ba generalforsamlinga avvise søknaden.
SA NEI: En gruppe fra Eritreakomiteen demonstrerte torsdag utenfor hotellet i Sandnes som huset generalforsamlingen til Norges Kristne Råd. Tesfahiwet i grønn jakke, Habit i oransje jakke og Finn Våge nummer fire fra høyre.
Caroline Teinum Gilje
SANDNES: Dei fekk ikkje kome inn og protestere, medlemmene i Eritreakomiteen. Dei måtte stå utanfor hotellet i Sandnes som husar generalforsamlinga og dele ut flygeblad.
Torsdag føremiddag blei opptakssaka avgjort.
– Det er ikkje moralsk rett å sleppe Den Eritreisk Ortodokse kirke i Norge inn i Norges Kristne Råd, sa to av dei som stod på hotelltrappa, Tesfahiwet og Habit, til Vårt Land før saka blei avgjort inne i hotellsalen. Begge er medlemmer i Eritreakomiteen.