Norge skal jakte terroristar i Niger
Forsvaret skal sende militære mannskap til Niger for å jakte terroristar. Norske spesialistar skal drive etterretning, opplæring og vegleiing i regionen. Forsvarsdepartementet vil ikkje svare på om Norge skal stoppe migrantar, slik Italia skal.
Norge har røynsle med å drive opplæring og vegleiing av tryggingsstyrkar. Norge har for tida soldatar frå Forsvarets spesialstyrkar i Afghanistan som lærer opp spesialpolitiet – her på ei fellesøving. No skal norske militære til Niger for å drive med «kapasitetsbygging og mentorering av operative enheter».
Mathias Rongved / Ambassaden i Kabul
Etter fredagens statsråd på Slottet informerte Statsministerens kontor (SMK) om at ein spesiell avtale med det vestafrikanske landet Niger er godkjent:
«Inngåelse av avtale mellom Norge og Niger om status for de norske militære som oppholder seg i Niger i forbindelse med militær kapasitetsbygging i Sahel», skriv SMK.
Solberg-regjeringa skal altså få lov til å sende norske militære på oppdrag svært langt unna Norge, og til operasjonar som korkje er leia av FN eller NATO, som Norge vanlegvis sender militære mannskap til.