Norge seier berre ja til kjernefamilien
AFGHANISTAN: Afghanarar som arbeide for Forsvaret skal om kort tid få høve til å søkje om opphald i Norge. Dei som slepp gjennom nålauga får høve til å ta med éi kone og barn.
SIVILE: Norge hadde eit feltsjukehus ved basen Camp Nidaros i Mazar-i-Sharif i Nord-Afghanistan. Ved basen arbeidde det fleire sivile afghanarar som no ber om vern i Norge.
Heiko Junge
Ni månadar etter at Norge i hui og hast evakuerte Afghanistan, er regjeringa klar med ei spesialordning for afghanarar som har arbeidd for Norge, i Afghanistan. Det er særleg snakk om vedlikehaldsarbeidarar, reinhaldarar, tolkar og andre sivile som har hatt lønna oppdrag ved Forsvarets basar.
«Justis- og beredskapsdepartementet vil nå snarlig sende instruksen til Utlendingsdirektoratet om behandlingen av disse sakene og det vil bli orientert om ordningen på aktuelle nettsider», opplyser justisminister Emilie Mehl (Ap) i eit skriftleg svar til Stortinget.
Regjeringa har etablert ei søknadsordning. Eks-tilsette afghanarar får høve til å søkje asyl i Norge, og dei kan gjere det frå Afghanistan der dei oppheld seg. Vårt Land har vore i kontakt med ein av desse sidan i fjor sommar.
Bestill abonnement her
KJØP