‘Norge har brutt abortloven i 30 år’

Alle som har vilja, har kjent til at lovstridige seinabortar har gått føre seg i over 30 år, seier lege Knut Holmen.

Sist veke fortalde Vårt Land at Rikshospitalet har utført ulovlege seinabortar - etter at den sentrale abortklagenemnda hadde innvilga kvinner abort etter veke 22.
Publisert Sist oppdatert

Sist veke fortalde Vårt Land at Rikshospitalet har utført ulovlege seinabortar - etter at den sentrale abortklagenemnda hadde innvilga kvinner abort etter veke 22. Helsedirektoratet slo fast at praksisen braut abortlova, og han dermed var ulovleg. Ti kvinner har fått utført ulovlege abortar frå våren 2010 til seinhausten 2011.

Ola Didrik Saugstad, professor i barnesjukdommar ved Universitetet i Oslo og leiar for Pediatrisk forskingsinstitutt på Rikshospitalet sa til Vårt Land at praksisen med ulovlege seinabortar har pågått over lang tid:

– Eg har ikkje ført nokon statistikk, men baserer meg på det eg sjølv har sett, samt høyrt av andre. Dette med seinabortar er ingen ny praksis.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP