– Norfund må tenke nøye over rolla si

Det er ingen annan grunn til å investere gjennom Mauritius enn å spare skatt, meiner Alvin Mosioma. Han ber det statlege investeringsfondet velje om det vil vere på lag med skatteparadisa eller dei fattige.

Alvin Mosioma møtte Hans Olav Syversen (KrF) i går for å snakke om skatteparadis og kva Norge kan gjere.
Publisert Sist oppdatert

Statens investeringsfond for næringsvirksomhet i utviklingsland (Norfund) har fått mykje kritikk for å investere gjennom skatteparadis. Norfund har forsvart bruken av skatteparadis som Mauritius med at målet ikkje er å unngå skatt eller skjule eigarskap eller opplysningar, men at det er viktig for å få andre investorar med på laget. Norfund har understreka at skatteparadisa fondet brukar, har strukturar og opplegg som gjer det lettare og sikrare å investere i fattige land.

Leiaren for Tax Justice Network Africa berre ler.

– Det er ingen andre grunnar til å sette opp investeringar gjennom Mauritius enn skatteårsaker. Alle veit at Mauritius sel seg inn som innfallsporten til Afrika ved å tilby å minimere skatt. Ein ting er at reine profittdrivne selskap vel ei slik løysing. Noko anna er at eit statleg fond gjer det, seier Alvin Mosioma.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS