Noreg var invitert til våpenmøte om Ukraina – takka nei
KRIG: 19. januar møttes ni land, mellom anna Storbritannia og Danmark, for å diskutera våpensendingar til Ukraina. Noreg var invitert til samarbeidet, men takka nei.
MØTE: Storbritannias forsvarsminister Ben Wallace held tale i militærleiren Tapa i Estland, 19. januar. Her møttest representantar frå ni europeiske statar for å lova våpenstøtte til Ukraina.
Pavel Golovkin
Frå ein militærbase i Estland offentleggjorde ni europeiske land det sokalla «Tallinn-løftet» – «the Tallinn Pledge», torsdag 19. januar. Her lovar statane «eit eineståande sett med donasjonar» til Ukraina – inkludert stridsvogner.
Mellom dei som stilte opp for pressefotografane, var den britiske forsvarsministeren Ben Wallace og ein representant frå Danmark.
Noreg var ikkje blant statane som var del av dette «Tallinn-løftet». Sist veke stilte Guri Melby (V) skriftleg spørsmål om Noreg var invitert med i dette samarbeidet, og kvifor regjeringa eventuelt sa nei.