Noreg takka nei til Qatar-avtalar
DIPLOMATI: Qatar er på sjarmoffensiven, og har spurt Noreg om å inngå seks bilaterale avtalar dei siste tre åra. Noreg vender førebels den kalde skuldra til.
LEIAR: Tamim bin Hamad Al Thani er emir i Qatar. Al Thani-dynastiet har styrt Qatar sidan 1860-talet.
Vyacheslav Prokofyev
Dei siste tre åra har VM-arrangør Qatar kome med fleire diplomatiske framstøyt mot Noreg. Vårt Land har gått gjennom offentlege postlister, og funne seks qatarske forsøk på å få i stand avtalar med Noreg.
Noreg har takka nei til tre av førespurnadene og late to av dei stå ubesvart. Eit av framstøyta gjeld ein avtale om økonomisk, kommersielt og teknisk samarbeid. Qatar har ved gjentekne høve over ei årrekke purra på denne avtalen.
12. oktober, ein dryg månad før Fotball-VM starta, sende Noreg svar: Eit høfleg avslag på det qatarske initiativet.