– Noreg er så perfekt som det går an å bli
Amerikanske Ann Jones fortel kva ho sit att med etter fire år i Noreg. Og korleis det har endra synet hennar på heimlandet.
– Noreg har gjort meg til sosialdemokrat, fortel den amerikanske journalisten og forfattaren Ann Jones til Vårt Land.
Don J. Usner/Wikimedia Commons
«Etter at eg budde i Noreg, kjennest USA som bakvendtland» er tittelen på den nylege kommentaren til journalist og forfattar Ann Jones.
Den vart først publisert i amerikanske The Nation, og sidan omsett til norsk av både Aftenposten og VG.
Teksten er eit krasjkurs i sosialdemokrati, ifølgje skribenten sjølv.