Norad-sjef Bård Vegar Solhjell forlet skuta
BISTAND: To månader etter Donald Trump stoppa amerikansk bistand, trekker Bård Vegar Solhjell seg frå den norske bistandsgiganten Norad.
KAPTEINEN GÅR AV: Etter fem år i direktørstolen takkar Bård Vegar Solhjell av. Han har ikkje dårleg samvit: – Norad er eit skip i større fart enn før, og meir solid. Her frå Arendalsveka 2022.
Erlend Berge
– Det er ingen dramatikk i dette. Eg sluttar fordi eg har fått ein veldig spanande ny jobb.
Bård Vegar Solhjell møter Vårt Land på det fasjonable hotellet Sommerro på Oslos vestkant. Det er onsdag og han har akkurat fortalt leiargruppa i Norad at han gjev seg som direktør. Han skal over til ny toppjobb i Fornybar Norge.
Det skjer mindre enn to månader etter at USAs president Donald Trump har starta nedslaktinga av Norads søsterorganisasjon – USAID. Fleire tusen tilsette er sagt opp og utbetalingar til humanitær hjelp er stoppa.