Nok eit steg unna 2030-målet for karbonkutt

KLIMA: 2030 rykker stadig nærmare, men Noreg er framleis langt unna ambisiøse klimamål. – Eg er redd det kan skapa politikarforakt og apati, seier leiar i Naturvernforbundet.

Leder i Naturvernforbundet
FRYKT: Regjeringas framskrivingar sår tvil om Noreg kan nå ambisiøse 2030-mål. – Eg er uroa over kva konsekvensar det kan ha for demokratiet, seier Truls Gulowsen, leiar i Naturvernforbundet.
Publisert Sist oppdatert

I statsbudsjettet kikkar regjeringa inn i spåkula og anslår kor mykje klimagassar Noreg kjem til å sleppa ut i 2030, om dagens klimapolitikk blir vidareført.

Fasiten er at regjeringa ser for seg at det i 2030 blir sleppt ut 38,8 millionar tonn klimagassar. Det er langt unna måla i Parisavtalen og dei ekstra strenge måla Noreg har sett for seg sjølv.

– Eg er redd det kan skapa politikarforakt og apati når politikarar lover ambisiøse klimamål, men det er tydeleg at dei ikkje har politikk for å nå desse måla. Eg er uroa over kva konsekvensar det kan ha for demokratiet, seier Truls Gulowsen, leiar i Naturvernforbundet, til Vårt Land.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP