No kan private aktørar tilby NIPT-testen
OMSTRIDD TEST: I fjor sommar banka Stortinget igjennom at alle kvinner skal kunne gentesta fosteret. No har Bent Høie (H) fått på plass ei godkjenningsordning for private aktørar.
MARSJ: Det var etter budsjettavtalen mellom regjeringa og Frp at Høie fekk marsjordre om å få på plass ei godkjenningsordning for private aktørar innan 1. april. No er denne på plass.
Berit Roald/NTB
Norske kvinner som ønsker det, er eit steg nærare å kunne ta blodprøven NIPT. Det kjem fram i eit skriftleg svar frå helseminister Bent Høie (H) til Stortinget.
Høie viser til at Helse- og omsorgsdepartementet 18. mars i år endra vilkåra for å bruka NIPT-testen. No skal denne blodprøven kunne bli tilboden alle gravide, uavhengig alder og risiko for alvorlege kromosomfeil.
Private aktørar som vil tilby NIPT, kan no søka godkjenning frå Helsedirektoratet. Denne godkjenningsordninga vart etablert 1. april i år.
Bestill abonnement her
KJØP