No kan du tørke deg bak med bibelvers
Lambi visste ikkje at «Kjærleiken trur alt» er frå Bibelen.
Lambi har laga dopapir med sitat frå Bibelen. Produktet er ein suksess i Norge, Sverige og Danmark, fortel produsenten.
Lars O. Flydal
– Dette toalettpapiret sel godt. Det blir selt i Sverige, Danmark og Norge, fortel Christina von Trampe, marknadsføringsansvarleg for Lambi.
På telefon frå Sverige fortel ho om kampanjen Lambi hadde i haust, der konsumentar via Facebook sende inn korte tekstar om kjærleik. «Dei finaste og mest nøytrale» prydar no dorullar i skandinaviske heimar.
– Tanken er at sitata ikkje skal støyte nokon, men vere koselege, fortel Christina von Trampe.