'No er det nok!'

Søndag tok kvinner til gatene i Oslo, Stavanger og Bergen for å krevje ei annleis framtid.

Søndag marsjerte rundt tusen menneske frå Youngstorget til Stortinget for å markere avstand mot seksuell trakassering. Brit-Agnes Sværi og Kari Veiteberg til høgre.
Publisert Sist oppdatert

Denne helga deltok kvinner i USA og fleire andre stader i verda i massedemonstrasjonen Women's March, også i Noreg. Oslos nye biskop, Kari Veiteberg, var ein av appellantane i hovudstaden. Metoo-kampanjen er livsviktig, meiner ho – vi må få has på den teiekulturen som finst, også i religiøse miljø og i kyrkja.

– Metoo viser berre kor viktig det er å stå opp og seie frå, og med Women's March kan vi markere solidaritet til alle som prøver å ta eit oppgjer. Dette må opp til overflata og snakkast om for at vi skal kunne endre på det, seier ho til Vårt Land rett før appellane starta på Youngstorget.

«No høyrer vi kvinner som i heilag vreide seier: No er det nok!», seier ho i sin eigen appell, og viser til at teiekulturen er sterk i kyrkja og andre religiøse samanhengar. Metoo-kampanjen er livsviktig, fordi han er skamdrepande, og kan bidra til å bryte mønster der skam og skuld blir forsterka i religiøse rom.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP