– Nesten som å leve i ei dobbelverd
STØRE PÅ MOSKEBESØK: Dei har mista ni familiemedlemmar i krigen i Gaza. Onsdag fekk dei snakke med statsminister Jonas Gahr Støre om sorg og smerte.
DREPTE FAMILIEMEDLEMMER: Far Salama Alzayegh og mor Wafaa Alzayegh fortel at dei har mista mange slektningar i krigen. På bordet framfor dei står bilete av familiemedlemmar i Gaza som er drept i krigen. – Eg har fått fleire beskjedar om drepte og skada familiemedlemmar mens eg har vore på jobb, fortel Wafaa.
Erlend Berge
Familien Alzayegh sit i raudbrune skinnsofaer i den øvste etasjen i Rabita moskeen. På bordet er det dekka med småkaker, brød og hummus – og palestinsk cola. På eit anna bord, kledd med ein duk med palestinske broderi, står ni bilete i kvite rammer stilt på rekkje. Framfor kvart av bileta står eit ljos.
– Dette er familiemedlemmar som har blitt drepne i krigen, fortel Hadeel Alzayegh om bileta på bordet.
Familien frå Gaza flykta til Norge etter den andre intifadaen, men dei har framleis mykje familie i Gaza – og mange som no ikkje lever lenger.