«Nei-dronninga» Anne Enger er feminist og abortmotstandar
POLITIKK: Senterparti-profil Anne Enger starta si rikspolitiske karriere i Folkeaksjonen mot fri abort.
RAUD KLUT: Anne Enger vart ein kjend profil under EU-kampen på starten av 1990-talet. Før det var ho sekretariatsleiar for Folkeaksjonen mot fri abort.
Synne Moen
– Mitt grunnsyn på abort har alltid stått fast: At ein kvar abort er ei etisk konflikt.
Anne Enger sit seinsommarkledd og myser i solveggen. Den erfarne, pensjonerte politikaren gjev sjeldan intervju, men har gjort eit unntak for Vårt Land. Ho vil snakka om eit tema som står henne nær: Abortlova, som no kan bli endra for første gong på nesten 50 år.
Mange kjenner Anne Enger under tilnamnet «Nei-dronninga». Før nordmenn gjekk til urnene og stemte over EU i 1994, hadde ho barka saman i TV-sende debattar med dåverande statsminister Gro Harlem Brundtland.