Nasjonal markering med bønn for Ukraina
BØNN: Bispemøtet og Norges Kristne Råd inviterer alle kyrkjelydar til å delta i ei nasjonal markering med bønn for Ukraina i gudstenestene søndag 9. oktober 2022.
FOR UKRAINA: Preses Olav Fykse Tveit oppfordrar til bønn for Ukraina under gudstenester i norske kyrkjer 9. oktober.
Javad Parsa/NPK
– Den siste utviklinga i Putins omsynslause krigføring mot Ukraina skremmer mange. Det er med otte vi er vitne til alt som blir øydelagt i den meiningslause krigen. Både menneskeleg, relasjonar og materielle verdiar, skriv preses Olav Fykse Tveit og generalsekretær i Norges Kristne Råd, Erhard Hermansen, i eit brev til kyrkjelydane og fellesråda i landet.
Dei løftar også fram ei oppmoding frå kyrkjene i Ukraina om å be.
Bestill abonnement her
KJØP