Munnbindpåbodet blir vidareført

Du må framleis belage deg på å bruke munnbindet ei stund til. Munnbindpåbodet blir nemleg vidareført trass nye lettar regjeringa varsla tysdag.

Illustrasjonsfoto: Thomas Brun / NTB
Illustrasjonsfoto: Thomas Brun / NTB
Publisert Sist oppdatert

På pressekonferansen tysdag kveld kom det fram at påbodet om bruk av munnbind på offentleg stad, ikkje er ein av lettane regjeringa kjem med i denne omgangen.

Dette gjeld for bruken av munnbind no:

* Påbod om bruk av munnbind når det ikkje er mogleg å halde minst 1 meter avstand i butikkar, kjøpesenter, serveringsstader, kollektivtransport, taxi og innandørs stasjonsområde. Påbodet gjeld òg for tilsette med mindre det er teke i bruk fysiske barrierar.

* Det er ikkje krav til munnbind medan ein sit ved eit bord på serveringsstad eller på arrangement medan ein sit på ein fast tilvist plass.

* I arbeidslivet er det ei tilråding om munnbind dersom det ikkje er mogleg å halde avstand, med mindre det er teke i bruk fysiske barrierar som bruk av skiljevegger eller liknande.

* Det blir tilrådd at husstandsmedlemmer og tilsvarande nære av ein stadfesta smitta brukar munnbind innandørs på offentlege stader og unngår store samankomstar og arrangement i 10 døgn etter nærkontakten. Ved symptom bør ein halde seg heime og teste seg.

Regjeringa følgjer dermed opp tilrådingane frå FHI og Helsedirektoratet.

Helsestyresmaktene har samtidig varsla at smitteverntiltaka kan trappast ned gradvis innan kort tid.

Powered by Labrador CMS