– Moskeane er for konservative
OSLO SYMPOSIUM: Hadia Tajik gjekk på bedehuset i oppveksten. Som vaksen går ho ikkje i moskeen. – Eg har ikkje funne ein som høver for meg. Moskeane er for konservative.
SAMTALE: Stortingsrepreresentant Hadia Tajik (Ap) gjesta fredag Oslo symposium for å bli intervjua av symposiumleiar Bjarte Ystebø.
Erlend Berge
Ho kom til ei forsamling som er sterkt usamd med henne i svært mykje. Frå scenen på Oslo symposium fredag forklarte Arbeidarpartiets Hadia Tajik kvifor ho hadde takka ja til å gjeste den kristenkonservative storsamlinga.
– Me møtes for lite på tvers. Me er usamde i mykje, me bør øve oss på å vere usamde i det same rommet, sa stortingsrepresentanten som har vore både statsråd og nestleiar i Ap.
Til ei bedehussterk forsamling snakka ho om oppvekståra i Bjørheimsbygd i Rogaland – på bedehuset: