Misjonen skjerpar tryggleiken etter terroren i Algerie

Ingen i Misjonssambandet har gjennomgått «gisselkurs».

Strømmestiftelsens regiondirektør Zakariya Abdou (t.v.) og generalsekretær Øyvind Aadland på besøk i ein landsby i Niger. Stiftelsen skjerpar no sine beredskapsplanar.
Publisert Sist oppdatert

Terroraksjonen i Algerie, der fleire Statoil-tilsette vart tekne som gislar, har fått norske misjons- og bistandsorganisasjonar til å skjerpe sine beredskapsrutinar.

– Vi har tilsette i områder der det er fare for kidnapping, slik som i Vest- og Aust-Afrika og delar av Asia. Vi vil ta lærdom av det som har skjedd i Algerie, seier leiar for utanlandsavdelinga i Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM), Hjalmar Bø.

Den største misjonsorganisasjonen i landet registrerer at vestlege og internasjonale fellesskap er utsette for terror. Fram til no har ingen av NLM sine tilsette i utlandet fått kurs eller trening for korleis dei skal oppføre seg i gisselaksjonar.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS