Militæret kuppa makta i Niger. Norske soldatar har lært opp den nigerske hæren.
MILITÆRKUPP: Norske spesialsoldatar instruerer soldatar frå Niger under ei øving for afrikanske spesialstyrkar i februar i fjor. No har militæret i Niger tatt makta gjennom eit kupp.
OPPLÆRING: Soldatar frå Nigers hær - Forces armées nigériennes – øver i Elfenbeinskysten i februar i fjor. Under dei årlege Flintlock-øvingane har nigerske soldatar ved fleire høve fått opplæring av norske spesialsoldatar.
CANSOFCOM
Fotoet er publisert av USAs forsvarsdepartement og er frå Elfenbeinskysten i fjor vinter. Følgjeteksten melder:
Soldatar frå Canadian Special Operations Forces Command arbeider saman med Forces armées nigériennes og norske partnarar under øvinga Flintlock 22.
Forces armées nigériennes (FAN) er Nigers væpna styrkar. For ei veke sidan retta Nigers væpna styrkar våpena mot landets president.