Meiner Den norske kyrkja ikkje prioriterer unge vaksne: – Me treng ei «25-årsbok»

Kyrja slit med å treffe dei mellom 18 og 30 år. Få ressursar og «liten relevans» er blant det som hindrar ungdom frå å kome, ifølgje ny rapport.

Therese Egebakken frå Stavanger har fått plass i Kyrkjerådet dei neste fire åra, og håpar å tale dei unges sak. Her er ho i Trondheim i høve Kyrkjemøtet 2020.
Publisert Sist oppdatert

Over halvparten av norske ungdommar konfirmerer seg i kyrkja. Men kvifor mister kyrkja kontakt med dei når dei blir eldre?

Det spørsmålet har Den norske kyrkja (DNK) lurt på, og bede forskingsinstituttet Kifo om hjelp. Svaret er rapporten «Etter konfirmasjonen – exit eller transitt?», som blir lagt fram torsdag.

– Kyrkja møter konkurranse i for eksempel idretten, kulturen og utdanninga, om tida og tilhøyret til unge vaksne, forklarar Tore Witsø Rafoss, forskar ved Kifo.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS