MDG hardt ut mot bistandsministeren: – Kvar i huleste er Aukrust?

BISTANDSKUTT: MDG meiner utviklingsministeren og regjeringa er passive i møte med Trump-administrasjonen. Utviklingsministeren seier han skjønar frustrasjonen til MDG.

Sigrid Heiberg ble lørdag gjenvalgt som leder av Oslo MDG. Foto: Annika Byrde / NTB
KRITISERER REGJERINGA: Sigrid Heiberg er leiar i Oslo MDG og finanspolitisk talsperson for partiet på stortinget. Her under opninga av MDGs landsmøte på Quality hotel Fornebu i 2023.– Regjeringa bør gå tydeleg ut og kalle inn USAs representantar på teppet, seier ho.
Publisert Sist oppdatert

– Kvar i huleste er Åsmund Aukrust? Hittil har han berre sagt at han er «bekymra» over USAs enorme bistandskutt. Det me no treng er ein utviklingsminister som byrjar å gjere noko for å hjelpe norske bistandsorganisasjonar som rammast hardt.

Det seier Sigrid Heiberg, finanspolitisk talsperson for MDG på Stortinget, i ein e-post til Vårt Land.

President Donald Trump har kutta stort i midla til det amerikanske bistandsdirektoratet (USAID), som har fått alvorlege følgjer for hjelpeorganisasjonar verda over. Nyleg kom nyheita om at Norsk Folkehjelp må kutte 1.700 tilsette grunna USAID-kutta, og Flyktninghjelpen har sagt at dei er nøydde å stanse USA-finansierte bistandsprosjekt i nesten 20 land.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS