Måtte betale tilbake 16 millionar etter misleghald
BISTANDSPENGAR: Utanriksdepartementet har nulltoleranse for misleghald. Difor måtte Kirkens Nødhjelp betale tilbake 2,3 millionar kroner i fjor.
FATTIGT LAND: Kvinner og barn sorterer ut jord frå brett med korn, i Machinga i Malawi. I Norads rapport om varslingssaker for åra 2011-2021, er det mange misleghaldssaker frå Malawi.
Tsvangirayi Mukwazhi
Totalt måtte norske hjelpeorganisasjonar i fjor returnere nesten 16 millionar kroner etter avdekking av misleghald, fortel rapportar frå Utanriksdepartementet (UD) som Vårt Land har gått gjennom.
To av sakene råka arbeidet til Kirkens Nødhjelp (KN) i Malawi:
«Samarbeidet med begge partnerne ble avsluttet. I tillegg er det i henhold til vår prosedyre sendt refusjonskrav til begge partnerne», skriv økonomisjef Anders Østeby i KN i ein e-post til Vårt Land.