- Mange har nok med å kome seg gjennom dagar og netter

For Sunniva Gylver har det blitt endå tydelegare at kriser rammar hardast dei som er hardt ramma frå før.

Korona-krisa har gitt nye utfordringar, nye verktøy og ei bratt læringskurve for Sunniva Gylver.
Publisert Sist oppdatert

Mykje er satt på vent. Det betyr ikkje at sokneprest Sunniva Gylver i Fagerborg kyrkjelyd i Oslo har fått mindre å gjere.

- Det er mange samtalar og møter, som vanleg, men det er stort sett over skjerm eller telefon. Eller utandørs med to meters avstand. Det tek tid å sette seg inn i alle digitale plattformar og appar der vi kan kommunisere, så læringskurva er bratt. Vi må stadig ta vurderingar om kva som skal avlysast, utsetjast eller gjerast på ein annan måte. I samband med påska, gjekk det med mykje tid til opptak i ei tom kyrkje, av gudstenester og filosofikafé, for å nemne noko. Det var både fint og sårbart å feire dåp med 14 menneske til stades 1. påskedag, og å ha gravferd med tilråda avstand og mange som deltek via skjerm. Det er sterkt å oppleve kor viktige rituala blir for oss i krisetider.

– Har du mindre å gjere no enn til vanleg?

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS