Løna til KrF-Ulstein er på nivå med ein statsråd

LØN: KrF-leiar Dag-Inge Ulstein har ei årsløn som er over 700.000 kroner høgare enn den til leiaren i Miljøpartiet Dei Grøne. – Løn har aldri vore del av min motivasjon, seier Ulstein.

KrFs ekstraordinære landsmøte.
KLAPPA INN: I januar vart Dag-Inge Ulstein vald som ny partileiar under KrFS ekstraordinære landsmøte på Gardermoen.
Publisert Sist oppdatert

Dag-Inge Ulstein er leiar for eit parti med tre representantar på Stortinget som har vore under sperregrensa på snitt-målingar dei siste ni månadane.

Vårt Land har spurt KrF kva Ulstein har i årsløn, og fått svar: 1.645.200 kroner. Det inkluderer eit tillegg på 240.000 kroner, som vart innført att i år då Ulstein formelt tok over roret som KrF-kaptein.

Til samanlikning tener ein statsråd 1.671.256 kroner i årleg godtgjersle. Det er dryge 26.000 kroner meir enn KrF-leiaren.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS