Ljones: Bort med bispedømmeråda
Kyrkjeleiinga i dei fire største byane vil etablere eit kyrkjestyre på prostinivå.
Ingmar Ljones trur det blir mindre byråkrati når to forvaltningnivå blir erstatta med eitt.
Marit Hommedal
Kyrkjeverjer og leiarar i dei kyrkjelege fellesråda i Oslo, Trondheim, Stavanger og Bergen representerer ein femtedel av medlemmene i Den norske kyrkja. Målet med framlegget deira er å sikre einskapleg leiing med arbeidsgjevaransvar for alle tilsette i kyrkja.
I dag er dei fleste prestane tilsette av bispedømmeråda og nokre av departementet og er embetsmenn, medan dei andre medarbeidarane i kyrkja har fellesråda som arbeidsgjevarar.
Dei to arbeidsgjevarlinene har fungert godt mange stader, men har også gitt grobotn for konflikt og blitt debattert med jamne mellomrom dei ti siste åra.
Bestill abonnement her
KJØP