Listhaug: – Ingen tvil om at Senterpartiet har lært av oss
LANDSMØTE: Sylvi Listhaug vil kvessa profilen til Frp. Ho lovar null kvoteflyktningar, bistandskutt og statleg kjøp av dyre medisinar til sjuke. Å regjera med Venstre og KrF har ho «lite apetitt» på.
FØRSTEKVINNE: Sylvi Listhaug vil fri til kvinnelege veljarar med å breia ut politikken til Frp. Samstundes lovar ho kutt i bistand, innvandring og «symbolske klimasaker».
Erlend Berge
– Mange prøver å framstilla det som at me no skal tilbake til Carl I. Hagen sine dagar. Det skal me altså ikkje. Me skal framover.
Påtroppande Frp-dronning Sylvi Listhaug møter Vårt Land for å fortelja om planane ho har for partiet dei neste fire åra. Laurdag ettermiddag blir ho krona på landsmøtet til Frp.
I bakgrunnen lurer labre meiningsmålingar nede på 9,5 prosent, og utmeldingar frå lokale representantar.