Leiaren i danske KrF går av, ber partiet droppe draum
KRISTENPARTI SLIT: Leiaren i Kristendemokraterne gjev opp, ho trekkjer seg etter katastrofevalet og ber partiet gløyme draumen om folkevalde i nasjonalforsamlinga.
UTANFOR: Kristendemokraternes leiar Marianne Karlsmose lukkast ikkje med å ta partiet inn i Folketinget. No gjev ho seg som partileiar.
KD
– I Danmark er det ikkje mange nok menneske som meiner det er viktig at KD er Folketinget, seier Marianne Karlsmose til dr.dk.
Ho leia Kristendemokraterne (KD), KrFs danske søsterparti, til eit elendig resultat ved valet på nytt Folketing.
Oppslutninga enda på berre 0,5 prosent.