Lange narkokøar – trass ledige plassar

Mens 4.400 narkomane står i kø for behandling, står det minst 97 ledige rusbehandlingsplassar.

Publisert Sist oppdatert

Stoltenberg-utvalet la i går fram rapporten med framlegg til korleis dei mest hjelpetrengjande narkomane kan få betre hjelp. Eit av forslaga er å opprette fleire statlege mottaks- og oppfølgingssenter. Samstundes veit Vårt Land at det i går stod minst 97 ledige behandlingsplassar for narkomane ledige rundt om i landet. Tala kjem frå ei uoffisiell rundspørjing som Hovedorganisasjonen for handel og tenester i Noreg (HSH) har gjort blant nokre av sine 56 medlemmer som tilbyr rusbehandlingstenester.

Tilbodet er der. Torbjørg Aalborg er direktør for feltet helse, utdanning, kultur og frivillige organisasjonar ved HSH. Ho meiner ein må jobbe for å ikkje miste dei private, ideelle aktørane innan rusomsorga.

- Det er synd dersom det offentlege vert åleine her. Dei ideelle organisasjonane er ofte meir fleksible og nærare brukarane, meiner Aalborg, som understrekar at det også er behov for ein offentleg rusbehandling.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP