Kyrkjerådsleiar om å fylle Toppe-rolla: – Som å hoppe etter Wirkola

SP-EXIT: Kyrkjerådsleiar Harald Hegstad og generalsekretær i Norges Kristne Råd meiner Kjersti Toppe (Sp) har sett ein høg standard som statsråd med ansvar for trus- og livssynsfeltet. No håpar dei på ein ny minister med stort engasjement.

Harald Hegstad er nominert til å bli leder av Kirkerådet. Den norske kirke.
HAR LIT TIL STØRE: Harald Hegstad er leiar av Kyrkjerådet, og seier han har lit til at Ap finn ein statsråd som tek trus- og livssynsfeltet alvorleg. – Me ser fram til eit møte med den nye statsråden ganske rakst, for å opprette ein direkte kontakt, seier han.
Publisert Sist oppdatert

I går vart det klart at Senterpartiet (Sp) og Arbeiderpartiet (Ap) ikkje klarte å bli semde om energipolitikken sin. Usemja handla om dei tre energidirektiva frå EU, som Ap var for å innføre, og Sp imot. Det heile enda med at Sp valde å forlate Ap og gå ut av regjeringssamarbeidet.

No må i alt åtte Sp-statsrådar erstattast. Ein av dei er barne- og inkluderingsminister Kjersti Toppe.

Toppe har utmerka seg i trus- og livssynssamfunna for sitt sterke engasjement på feltet, og har i perioden som statsråd i Støre-regjeringa, tala trus- og livssynsfeltet si sak med tydeleg røst.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS