Kyrkjeleiar og Ap-politikar vil ha færre kristne skular
IDEOLOGISK STRID: Under Solberg-regjeringas åtte år har det vore eit frislepp av friskular samanlikna med Stoltenberg-åra. Dei raudgrøne partia varslar innstramingar.
KRISTNE SKULAR: Kai Steffen Østensen (kvit skjorte) er Aps andrekandidat i Vest-Agder og leiar i Agder og Telemark bispedømmeråd – her på Kyrkjeskipet under Arendalsuka 2018.
Erlend Berge
Kampen om skuleslaget står om namn, på skular og lov. Det skal vere privatskular og privatskuleloven, seier dei raudgrøne partia. Slett ikkje, det skal vere friskular og friskuleloven, seier dei borgarlege.
– Noko av det første me vil gjere er å endre namnet på loven, han skal sjølvsagt heite privatskuleloven, seier Kai Steffen Østensen. Han er Arbeidarpartiets andrekandidat i Vest-Agder, og har på målingar vore inne på Stortinget. Østensen er også leiar i Agder og Telemark bispedømmeråd.
Kampen om retten til å få tilby elevar private, kristne skular, i konkurranse med kommunale grunnskular og fylkeskommunale vidaregåande skular er ein ideologisk kamp.