Kvoteflyktningar takkar nei til å bu i Norge
Flyktningar er valt ut av FN, handplukka av UDI, men vel likevel å takke nei til eit liv i Norge. Frykt for å miste kontakten med storfamilien – og at «barnevernet tek barna», skræmer.
Libanon husar mange flyktningar frå Syria. Difor har Utlendingsdirektoratet reist hit ofte dei tre siste åra for å velje ut kvoteflyktningar som skal få kome til Norge. Desse syriske barna leikar
i ein flyktningleir i Bekaadalen.
Bilal Hussein/NTB scanpix
– Vi prøver å betre presentasjonen av Norge slik at dei som blir valt ut, faktisk reiser hit, seier einingsleiar Tonje Øyan i Utlendingsdirektoratet (UDI).
For å vere sikker på at dei klarar å fylle kvoten, må UDI overbooke når dei vel ut kvoteflyktningar.
– Det er alltid nokre som ikkje vil til Norge likevel. Men vi skal klare å fylle kvoten med 8.000 ekstra kvoteflyktningar innan
31. desember i år, fortel Øyan.