Kvernsteinen

I gamle dagar hadde presten ein stor krage kring halsen, skriv Hans Johan Sagrusten i andakten.

Publisert Sist oppdatert

Enno i dag blir prestar ofte teikna med den gamle prestekragen. Men kva var tanken bak denne underlege kreasjonen?

Ei av forklaringane er at kragen skulle minne presten om kvernsteinen. Ikkje den nede på mølla i bygda, men den steinen som Jesus tala om: «Den som lokkar til fall ein av desse små som trur på meg, han var betre tent med å få ein kvernstein hengd om halsen og søkkt i havsens djup».

Det ville altså vera betre å få ein kvernstein om halsen, enn å føre ein som trur på Jesus, på ville vegar. Så alvorleg er det å føre menneske ein annan veg enn det Gud seier.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP