Kuppkontinentet Afrika – heimvendt leigesoldat tok makta i råvarestat

BRUTALE MAKTSKIFTE: I Guinea har heimvendt leigesoldat kuppa makta frå landets første demokratisk valde president. Guinea har til liks med mange afrikanske land opplevd mange kupp.

CORRECTION Guinea Political CrisisKUPPMAKAR: Oberst Mamady Doumbouya (midten) tok makta i Guinea for vel ei veke sidan. Maktbasen er landets militære spesialstyrke.(Foto: AP/NTB/AP)
Publisert Sist oppdatert

Folk dansa i gatene i Conakry. Mange ville ære og feire oberst Mamady Doumbouya, ein heimvendt framandlegionær som sidan 2018 har vore sjef for hærens spesialstyrke i det lutfattige vestafrikanske landet Guinea.

Kuppet sende prisen på aluminium gjennom taket. Guinea har verdas nest største reserver av bauksitt, råstoffet for produksjon av aluminium. På Hydros metallverk i Høyanger i Vestland skapte kuppet i vestafrika feststemning. Eitt tonn aluminium kosta vel 2.800 dollar metallmarknaden i London, det høgaste nivået sidan august 2008

Tre gonger tidlegare har borgarane i eit av Afrikas minst utvikla land opplevd kupp og kuppforsøk – i 1984, 1985 og 2008.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP