– Kundane vil ha sex-filmar
Den norske Rica-sjefen vil ikkje fjerne dei erotiske filmane frå det TV-tilbodet hotellgjestene hans får.
Kommersiell direktør Pål Semb-Johanson seier at Rica-kundane aktivt brukar «blue movies» - dei erotiske filmane på TV.
Rica hotels
– Vi har ein løpande diskusjon. Men så lenge tilbodet er godt innanfor norsk lov, og så lenge gjestene etterspør det, så opprettheld vi tilbodet, seier kommersiell direktør Pål Semb-Johanson til Vårt Land.
Kan slå av
Den britiske hotellkjeda Travellodge kuttar no ut det erotiske tilbodet på TV-skjermane og grunngjev det med at fleire og fleire barnefamiliar brukar hotella og at ein del gjester har bede kjeda kutte ut pornofilmane.
Bestill abonnement her
KJØP