Kristelege høgskular vil stå åleine
Kunnskapsministeren ber høgskular finne seg ein partnar. Misjonssambandets høgskule vil gå vidare åleine.
I dag arrangerer Fjellhaug Internasjonale Høgskole og Musikkteaterhøgskolen seminar der dei uttrykkjer bekymring for fusjonspresset frå Solberg-regjeringa. «Er det plass for mindre fagmiljøer i fremtidens høyskolesystem?» spør dei to høgskulane.
Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) vil kvitte seg med «vanklande stankelbein». Han vil redusere talet på universitet og høgskular, særleg små og veike.
I statsbudsjettet for 2017 melder statsråden at det går rette vegen, etter at han i fjor kravde omfattande samanslåingar for å «styrke kvaliteten», «skape robuste fagmiljø», «bidra til regional utvikling» og «bygge verdsleiande fagmiljø».