Krise for krisetelefonar – vurderar kortare opningstid og nedbemanning

PSYKISK HELSE: I fjor fekk krisetelefonane til Mental Helse og Kirkens SOS øyremerka statsstøtte. I år konkurrerer dei med 54 andre organisasjonar om støtte. No slår dei alarm og vurderar kutt i tilbodet.

Lasse Heimdal. Kirkens SOS.
URO: Lasse Heimdal seier Kirkens SOS prøver å unngå at at brukarane blir råka. – Men det er berre eit tidsspørsmål før me må begynna å kutta i tenestene, seier han.
Publisert Sist oppdatert

Mental Helse og Kirkens SOS driv dei største krisetelefonane i landet. No driftar dei sin tredje månad utan å vita om dei får statsstøtte for i år.

– Dette er svært uføreseieleg og får store konsekvensar for oss. Me har varsla nedbemanning til våre tilsette, skriv generalsekretær Linda Berg-Heggelund i Mental Helse i ein e-post til Vårt Land.

– No drifter me hjelpetelefonane på oppsparte midlar. Nytilsettingar, planar og initiativ har blitt sett på vent, seier Lasse Heimdal, generalsekretær i Kirkens SOS.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS