KrF-Ulstein nektar å straffe palestinsk organisasjon om tilsett blir terrordømt
Utviklingsministeren er tindrande tydeleg: Sjølv om ein tilsett i ein palestinsk organisasjon blir dømt for terrordrap, vil ikkje han kutte støtta til landbruksorganisasjonen.
Same dag som 17 år gamle Rina Shnerb blei drepen av ei heimelaga bombe på Vestbreidda, blei ho gravlagd - 23. august i fjor. Israelsk politi definerer drapet som eit palestinsk terroråtak.
Sebastian Scheiner
Ei drepen israelsk jente og ein arrestert palestinsk mann sette norsk bistand til frivillige organisasjonar på Stortingets dagsorden tysdag; særleg støtta til palestinske som prøver å byggje stat nedanfrå, såkalla sivilt samfunn-organisasjonar.
– Sjølv om han blir domfelt gjev det ikkje grunnlag for å trekkje støtta, understrekar utviklingsminister Dag-Inge Ulstein (KrF) frå Stortingets talarstol.
KrF-statsråden i Utanriksdepartementet er henta til Løvebakken av Framstegspartiet og representant Himanshu Gulati. Mannen Ulstein snakkar om er Samer Arbid, ein tilsett i Union of Agricultural Work Committees (UAWC), som arbeider med landbruk og jordrettar i Palestina.